Gå til sidens hovedinnhold

Ber småbåtfolket om å la båten ligge - melder om kraftig vind på Vestlandet

Artikkelen er over 1 år gammel

Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel for vind på Vestlandet og ber folk om ikkje å legge ut på tur i småbåtar.

Farevarselet er på gult nivå for vind på Vestlandet.

– Vinden vil auke utover fredagen, men gir seg i løpet av kvelden og i natta, skriv vêrtenesta Yr på Twitter , der dei ber folk om å ikkje legge ut på tur i småbåtar.

Dei minner også om at lause gjenstandar kan bli tekne av vinden, som kan komme opp i 25 til 28 meter per sekund.

Også i Oslofjorden vil det blåse friskt i helga, melder Meteorologisk institutt.

– Det blir ein god del vind, og bølgene kan bli opptil tre-fire meter i ytre del av Oslofjorden.

Ellers melder meteorologene om generelt mykje nedbør i Sør-Norge. Det neste døgnet vil regnet breie seg utover heile Sør-Norge, og over 1.500 meter kjem det nysnø.

(©NTB)

Kommentarer til denne saken