Ber om retningslinjer for dette

Rema 1000 seier dei vil tilpasse seg umiddelbart dersom det kjem retningslinjer for smågodt-sal frå myndigheitene, men fram til det går salet som før.

Rema 1000 seier dei vil tilpasse seg umiddelbart dersom det kjem retningslinjer for smågodt-sal frå myndigheitene, men fram til det går salet som før. Foto:

Coop stanser salget av smågodt og nøtter i løsvekt. Rema 1000 held fram, men etterlyser klarere retningslinjer frå myndigheitene.

DEL

Onsdag bestemte Coop Norge seg for ikkje å selje nøtter og smågodt i lausvekt. Dei begrunnar dette med at det blei forstyrrande at mange butikker fekk krav fra kommunen sin om å gjere dette. Rema 1000 har så langt ikkje gjort det same, og vil ha klårere retningslinjer fra myndigheitene.

Nokre kommunar har bestemt at butikkane må fjerne eller dekke til smågodt- og nøttehyllene i kampen mot koronsamitte, medan andre kommuner ikkje har komme med reglar rundt dette, skriv nrk.no.

– Vi skjønar at folk stiller spørsmål om dette; men vi ønskjer at myndigheitene skal legge føringar så vi opererer som ein samla bransje, seier Calle Hägg, PR- og kommunikasjonssjef i Rema 1000.

Mattilsynet ser det som lite sannsynleg at folk blir smittet av korona via smågodt:

«Smitte via matvarer uten emballasje er lite sannsynlig, siden koronaviruset må ned i luftveiene for å gi sykdom», skriv dei på sine heimesider.

– Førebels har ikkje Mattilsynet anbefalt å fjerne sjølvplukka smågodt frå vegg, men i mellomtida har vi fjerna golvpallar med smågodt som eit tiltak. Dersom anbefalinga frå myndigheitene endrar seg, kjem vi til å tilpasse oss umiddelbart, seier Hägg.

Eit tydeleg råd frå Mattilsynet er at folk ikkje må ta på andre varer enn akkurat dei varene dei skal handle.

Artikkeltags