SOGN AVIS: – Me har ikkje objekt som skal sikrast i nordre Vestland slik me har på Mongstad og Kolsnes, men me har dialog med politieininga i Sogn og Fjordane om enkelte objekt.

– Kva type objekt?

– Eg kan ikkje seia kva type infrastruktur det gjeld, for det er gradert informasjon. Men folk skjønar dette. Folk veit kva verdiar dei har i nærområdet.

– I Sogn er det naturleg å tenkja på infrastruktur tilknytt forsyning og produksjon av kraft?

– Me har fokus på dei som leverer kraft til samfunnet generelt, og straumen som blir levert til desse anlegga, seier stabssjef Gustav Landro i Vest politidistrikt.

– Er du i tvil, meld frå

Han fortel at politiet har heva beredskapen i samband med den urolege geopolitiske situasjonen, og oppmodar folk til å vera «generelt årvakne», med låg terskel for å melda frå om ting dei ser. Dette skjer som ein konsekvens av nasjonale føringar frå Politidirektoratet, som igjen har fått sine føringar frå regjeringa.

– Det som er greitt er at folk veit kva verdiar dei har i nærleiken. Og er du i tvil om noko, så meld frå til politiet. Du kan ringja operasjonssentralen eller lokalt politi for å få ting meldt inn. Kjem du ikkje gjennom på telefon går det an å senda e-post. Me ber om dette for at me kan gjera ei vurdering av kvart tips og prøva å sjå det samanheng med andre ting, seier stabssjefen.

– Kva er det folk bør følgja ekstra med på?

– Utanlandske borgarar og turistar som opererer med dronar, til dømes. Det blir mindre vanleg turistverksemd når me er komne ut i oktober og nærmar oss november. Så om ein opplever eller ser noko uvanleg, ser me gjerne at folk melder frå.

– Korleis pregar dette kvardagen til politiet no?

– Me har heilt klart eit auka fokus. Det går ikkje ut over etterforsking og prioriterte saker. Me skal vita kvar dei sensitive objekta er og ha god kontakt med objektseigarane.

Væpna politi

– Me skal ikkje ha panikk for russiske spionar og så farar bak kvar stein, men me må sjekka ut ting på ein forsvarleg måte. Folk må stola på at me har eit system som verkar, seier Landro.

Treff du ein polititenesteperson på patrulje no for tida, så er vedkomande væpna. Det har samanheng med den spente internasjonale situasjonen, men er ikkje heilt nytt.

– Me har hatt generell væpning lenge no. Sidan før sommaren i samanheng med terrortrusselen som har vore.

Ved Mongstad og Kolsnes har forsvaret bidrege med heimevernssoldatar til vakthald og sikring. Landro understrekar at dette skjer under politiet si leiing, og at slik vil det også vera om det skulle bli behov for noko tilsvarande andre stader.

– Når me har behov for bistand frå forsvaret, så ber me om det. Då opererer dei med politiet sine fullmakter i politioppdrag som me leiar. For det er framleis fredstid.

På spørsmål om folk i Vestland har meldt inn observasjonar til dei allereie, svarar han stadfestande.

– Me får inn meldingar frå tid til anna om ting me må sjekka ut. Både droneaktivitet og mistenkjelege personar på sensitive plassar. Ofte dreiar det seg berre om turistar, men me har fått inn ting som me framleis driv og sjekkar ut, seier Landro.