Gå til sidens hovedinnhold

– Jentene mine er dei verkelege valvinnarane

Artikkelen er over 5 år gammel

Han tapte valet og må ut av rådhuset etter fire år. – Trøysta mi er at jentene mine vil sjå meir til meg no.

Han har vore ordførar i fire år og vedgår det er med blanda kjensler han no skal levere nøklane til kontoret frå seg og starte livet utanfor rådhuset.

– Eg skulle gjerne halde fram kursen vi har sett til å utvikle byen. Men det vil også vere ekstremt herleg å få livet sitt tilbake, seier Solheim-Olsen.

For det har ikkje vore ein åtte-til- fire-jobb å vere kommunen sin offisielle spydspiss.

– Kva gong eg treffer dei to jentene mine no tenker eg at dei er dei verkelege valvinnarane i år. Det er godt å tenke på og ei god trøyst for det vonbrotet eg har reint politisk etter valet, seier han ærleg.

Stor arbeidskapasitet

Varaordførar Jan Henrik Nygård fortel at Solheim-Olsen har jobba lange dagar desse fire åra. – Det er vel berre eg og den næraste familien som har visst kor mykje Bengt har lagt i jobben. Det er ikkje lite, strekar Nygård under.

– Kva råd vil du gi til den nye ordføraren?

– Det er vanskeleg å gi noko eksakt råd, for det er ein jobb du kan forme ut sjølv. Det å sitte på eit kontor på rådhuset er kanskje det du skal gjere minst.

– Litt som politireforma, å få ordførarane ut i gata?

– Nei ikkje akkurat, men eg har satsa hardt på å vere på dei arenaene eg meiner det er viktig at Flora kommune skal vere representert. Marknadsføring av kommunen er eit viktig arbeidsområde for ein ordførar. Teigen må finne sin måte å utføre gjerninga på. Dette er eit verv han må forme ut frå kven han er og kva han vil. Rådet er å komme seg ut av rådhuset og vere på plass i fylket, landet og verda der Flora kommune bør vere representert.

– I fire års retroperspektiv, er det noko du ville gjort annleis?

– Eg har ikkje mykje tru på å sjå seg tilbake. Du må stå for dei vala du gjer. Likevel er det ikkje å legge skjul på at det gjekk unødvendig mykje energi dei to første åra med interne problem knytt opp mot den personen eg hadde tilsett som personleg sekretær. Der og då verka det fornuftig. I ettertid viste det seg å vere ei dårleg vurdering.

Stor oppgåve

Solheim-Olsen vedgår det er ei stor oppgåve å vere ordførar. No dei siste åra har han blitt tryggare og har funne rolla si.

– Det er litt surt å hoppe av no når eg var komme i siget. Eg sa før eg tok til at åtte år kanskje er nok. Det er kanskje ikkje sunt å ha denne oppgåva for lenge, men fire år er også for lite. Då får ein nesten ikkje tid til å gjennomføre politikken. Men slik er gamet, seier han men lukkar ikkje døra for ein ekstraomgang eller to.

For om Florø treng han, og partiet vil ha han, stiller han gjerne på nytt som ordførarkandidat for Flora Høyre.

Han har måtte tole mykje støy knytt til samarbeidsklimaet i bystyret. Likevel er han stolt over fokuset han og dei han har styrt i lag med har klart å halde i fireårsperioden.

– Vi har styrt mot betre tider, så får vi sjå om det er i Flora kommune vi stiller til val i neste gong.

Stolt av fokuset

– Kva skal du gjere no?

– No skal eg ha meg nokre lange og gode veker med total tankelausheit og rekreasjon. Kun avbrote av nokre politiske møter, så får vi sjå. Det er ein brutal utlading som skjer etter eit val, så eg treng litt tid.

– Nokre idear?

– Ja eg har ein del idear. Eg får sjå om det dukkar opp nokre spennande jobbar. Om ikkje har eg ein del idear om korleis eg skal skape min eigen arbeidsplass, avsluttar han.

I STYRTREGNET: Elevar, politikarar og arbeidsfolk fekk sjå ordføraren opne Stadion-gangvegen i styrtregn. Foto: Dag Frøyen

Kommentarer til denne saken