Gå til sidens hovedinnhold

Florø veks mest i fylket

Artikkelen er over 6 år gammel

Ordføraren: - Ekstremt gode nyheiter for oss

Den nye folketalsutviklinga viser at Flora kommune har den største folketalsveksten i Sogn og Fjordane. Flora har fått netto 57 fleire innbyggarar første kvartal i 2015 noko som er berre to meir enn Førde. Men trenden gjer at Floraordførar Bengt Solheim-Olsen jublar.

- Vi har i lengre tid sett vi bygger som aldri før i Flora, og no ser vi nok effekten. Dette er nok ein stor dag for Flora kommune og pilene peikar i riktig retning, seier han.

Framleis er det Førde som er den største byen i Sogn og Fjordane med 12.801 innbyggarar. No er det 11.919 innbyggarar i Flora kommune og for første gong på lang lang tid tek Flora inn på nabobyen i aust.

- Folketalet er den viktigaste innverknaden på inntektene våre, og fleire innbyggarar betyr på mange måtar eit betre tenestetilbod, så dette var ein gledeleg statistikk. At vi no tek innpå Førde som i lang lang tid har vekst i høgt tempo synest eg er veldig inspirerande, seier ordføraren.

Sogndal (+45) og Høyanger (+43) Er dei to andre kommunane i fylket med markant folketalsauke i første kvartal. 

Det er Stryn (-21), Luster(-21), Aurland (-21), Jølster (-20), Årdal (-18) og Vågsøy (-17) som er taparane i det første kvartalet av 2015. Skal vi måle opp i mot kor mange innbyggarar kommunen har er det Solund (-15) som med 15 færre innbyggarar dette kvartalet målt opp i mot folketellinga ved nyttår mistar mest. Dei er no under 800 innbyggarar.   

Flora +57 - 11 919

Førde +55 - 12 856

Sogndal +45 - 7 722

Høyanger +43 - 4 212

Askvoll +15 - 3 023

Hyllestad +11 - 1 416

Leikanger +10 - 2 286

Naustdal +7 - 2 784

Gulen +4 - 2 339

Eid +3 - 5 990

Lærdal +1 - 2 147

Gloppen -1 - 5 750

Fjaler -3 - 2 820

Bremanger -7 - 3 883

Balestrand -8 - 1 296

Hornindal -10 - 1 211

Vik -10 - 2 668

Selje -12 - 2 740

Gaular -13 - 2 947

Solund -15 - 785

Vågsøy -17 - 6 065

Årdal -18 - 5 411

Jølster -20 - 3 006

Aurland -21 - 1 717

Luster -21 - 5 097

Stryn -22 - 7 133

Kommentarer til denne saken