Laurdag arrangerte Nor Tekstil, Fjord1, SFE Nett og Enivest i samarbeid ein felles fagkonferanse og erfaringsutveksling for alle dei tilsette som jobbar med kundeservice. Fagkonferansen blei arranget på Thon Hotel Førde.

– Vi har tru på at det er stor verdi at større aktørar i det lokale næringslivet i området vårt samarbeider på tvers av organisasjonane, både i form av fagleg utvikling og relasjonsbygging. Målet er at vi saman skal bli best mogleg innanfor vårt fagområde, blant anna gjennom å utvikle kvarandre. Og når store aktørar her i området finn kvarandre, gjer vi kvarandre sterke, seier nasjonal kundeservicesjef Arild Ommedal i Nor Tekstil.

Han og Heidi Skorpen i Fjord1 var initiativtakarane til dette felles, faglege nettverket.

– Når Nor Tekstil og Fjord1 blei einige om samarbeid, tok vi vidare initiativet til Margrete Lunde i Enivest og Edith Alræk i SFE Nett. Dei såg også verdi i dette, og vi leiarane har sidan i haust møttest jamleg med mål om å arrangere ein felles fagdag som dette, seier Ommedal.

Til fagdagen leigde dei inn føredragshaldar Trine Lise Ness Grimstad, som blant mange blir sett på som nummer ein innan kundeservice i Norge. Kvelden blei deretter avslutta med bankett, middag og relasjonsbygging for alle deltakarane.

– Tanken er å få dette nettverket opp og gå, og på sikt invitere inn fleire aktørar frå næringslivet som ønsker å delta. Målet er at dette er noko som skal gjennomførast jamleg. Fleire har også snakka om at dette er noko dei også ser verdi i å arrangere innanfor sine fagområde, til dømes HR, HMS, økonomiavdelinga og så vidare, seier Ommedal.