Peppes Pizza snusar på Florø

Espen Hoff, administrerande direktør i Peppes Pizza.

Espen Hoff, administrerande direktør i Peppes Pizza. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Pizzakjeden skal opne 50 nye restaurantar dei tre neste åra, og vil at ein av desse skal vere i kystbyen.

DEL

Peppes Pizza har ambisjonar om å opne 50 nye take away-restaurantar i løpet av dei neste tre åra. Florø er ein av stadene dei ønsker å etablere seg, og no er dei på leting etter ein eigna drivar.

Peppes har sidan etableringa i 1970 bygt seg opp ein solid merkevarestatus her til lands. I dag er dei representert frå Hammerfest i nord til Kristiansand i sør, med totalt76 restaurantar i Norge.

Etableringsoffensiv

Men i løpet av dei siste åra har kampen om pizzakundane tilspissa seg, og no varslar Peppes ein etableringsoffensiv.

Det som er mest avgjerande for etableringstakta er om dei klarar å finne drivarar. No startar leitinga etter rett person i Florø.

─ Pizzakrigen handlar ikkje berre om tal utsalsstader, men i like stor grad om å finne dei rette drivarane. Nøkkelen til suksess ligg i vårt velprøvde franchisekonsept, og å samarbeide tett med franchisetakarane, seier Espen Hoff, administrerande direktør i Peppes Pizza, i ei pressemelding.

Satsar på take-away

Peppes tok nokre grep i siste halvår av 2017 som har gitt gode resultat, og dei siste tre-fire månadene har kjeden hatt vekst. No ønsker dei å satse enda meir på take away-utsal i kombinasjon med restaurantdrift, og utsalgsstadene skal tilpassast den lokale marknaden. 

─ Fleire ønsker Peppes inn i nabolaget sitt, og no skal Peppes vekse. Fordelen vår er at vi har lang erfaring på den norske marknaden og ein sterk franchisekultur. Konseptet er tydeleg, men det er viktig for oss at dette også kan tilpassast lokalt. Det hjelper ikkje å vere best i verda, om du ikkje er best i gata, seier Hoff.

Peppes ser potensial i den lokale marknaden, og Hoff mener at deira sterke merkevare og konsept bidreg til at Peppes raskt kan ta ein leiande posisjon i Florø.

─ Vi vil løfte bransjen og marknaden lokalt, og ikkje minst auke fokuset på kvalitet, meiner Hoff.

 

Artikkeltags