Båt sokk ved Stabben, mannen svømte i land på Havreneset

FLORØ: Då båten starta å ta inn vatn, hadde ikkje mannen noko val.

DEL

Søndag kvart over ti på kvelden fekk politiet melding om ein person som har kome i land i Florø, etter at båten hans tok inn vatn i nærleiken av Stabben fyr, skriv politiet på sine Twitter-sider.

Personen, ein mann i slutten av 20-åra, har svømt i land ved Havreneset og har fått kontakt med folk. Mannen var nedkjølt, og han blei send til Førde sentralsjukehus.

– Det er kaldt i sjøen og lang avstand. Det er ein stor prestasjon å komme seg til land, seier operasjonsleiar Per Algrøy ved Vest politidistrikt til NRK.

Det var like over klokka 22 at mannen, berre iført boxeren, oppsøkte eit hus i Havreneset. Han var uskadd, men nedkjølt etter svømmeturen.

– Vi er ikkje heilt sikre på posisjon, men båten skal ha byrja å ta inn vatn i nærleiken av Stabben fyr. Då er det tale om fleire kilometer til land. Det er langt å symje, seier Algrøy til NRK.

Mannen var på veg frå øya Vevlingen og skulle til Florø. Båten han hadde var ein 21 fot Fjord Viking med innabords motor.

Mannen veit ikkje kvifor båten byrja å ta inn vatn, såpass mykje at båten til slutt sokk.


Artikkeltags