Må i fengsel etter båtulykke

Artikkelen er over 4 år gammel

Ein mann frå Flora kommune må i fengsel etter båtulykke i skjergarden.

DEL

Ein Flora-mann er i Fjordane tingrett dømt til fengsel i 24 dagar for ei båtulykke i floraskjergarden i januar i år.

Mannen førte båten sjølv om han var påverka av alkohol, og båtturen enda i ei alvorleg båtulykke.

Både båtføraren og passasjeren vart skadd i ulykka, og for passasjeren medførte ulykka eit lengre sjukehusopphald.

Retten la til grunn at fart, promille og kveldsmørkret var årsakane til at båten gjekk på eit skjer. Båten skal ha heldt ein fart på 30 knop då ulykka skjedde, og det vart målt ein promille på 1,39 i blodet til båtføraren to timar etter ulykka.

- Retten er ikkje i tvil om at føring av båt under slike omstende er eit grovt lovbrot, og at omsynet til sjøtryggleiken tilseier tap av retten til å føre båtførarpliktig fritidsbåt, seier tingretten i dommen.

Båtføraren fekk difor to års køyreforbod for fritidsbåtar omfatta av småbåtlova §28. Han må også sone 24 dagar i fengsel.

Artikkeltags