Det var rett før klokka 16 tysdag ettermiddag at politiet fekk melding om ein båtførar i hamneområdet i Florø sentrum som verka å vere rusa.

Politiet var raskt på plass og fekk kontakt med vedkommande, ein mann i 50-åra. Han måtte blåse i promillemålaren, og den viste ein promille på om lag 1.5.

Mannen blei teken med til legevakta for blodprøve, og kan nok vente seg ein reaksjon frå påtalemakta.