Styrmann Arild Ulriksen på "Ocean Alden" er lommekjent i desse farvatna vest av Batalden.
Fotomontasje Av Rs Halvdan Grieg-Bilde/ Privat

Fiskarane hadde englevakt

Dersom fiskebåten "Victoria May" hadde treft Stemneskjersbåen på andre sida, kunne det gått gale med dei.
Publisert

Lommekjent styrmann berga "Victoria May" - Dei var utruleg heldige, for dette området er ikkje rette plassen å navigere seg inn i, seier styrmann Arild Ulriksen på "Ocean Alden". Den skottland-busette bataldingen var tilfeldigvis på jobb om bord i standby-skipet, då mayday-signalet vart sendt ut frå fiskebåten "Victoria May" klokka 04.30. Redningsskøyta RS "Halvdan Grieg" og redningshelikopteret frå 330-skvadronen kom også for å assistere fiskebåten.

LES OGSÅ:

Arild Ulriksen sette sine barnesjøbein i Batalden og i oppveksten sette han line og teiner i dette området vest av Store-Batalden. Derfor kjenner han området omtrent som si eiga bukselomme. Fiskebåten hadde komme inn i området midt mellom Sendingane og Store-Batalden, ei ekte "bukkemark" med mykje båar, fluer og skjær.

Arild Ulriksen

Arild Ulriksen Foto:

- No er det 40 år sidan eg hadde vore akkurat her. Men vi har navigasjonsutstyr om bord som vi kan lite på, så vi greidde å få slepar om bord. Då vi kom i grålysningen braut det i kvitt alle stader kring fiskebåten. Stemneskjersbåen er ein av mange i området, som ikkje er synleg i overflata på flat flo sjø, fortel styrmannen, som bur i Peterhead i Skottland. Han er bror til regiondirektør i Fiskeridirektoratet , Vidar Ulriksen,  og har sommarhus vegg i vegg med broren sitt hus på Fanøy.

Her ser vi kor Stemneskjersbåen ligg vest av Store-Batalden.

Her ser vi kor Stemneskjersbåen ligg vest av Store-Batalden. Foto:

Lokalkjende aktive fiskarar fortel at "Victoria May" har hatt englevakt, sidan dei gjekk på Stemneskjersbåen på "rette" sida. Dei trefte på austsida og båten vart truleg kasta av båen av bårene som braut inn frå vest. Hadde dei treft på andre sida hadde båten blitt liggande i brenningane og fått langt større skader i skroget, teke inn meir sjø og truleg gått ned. Då hadde redningsaksjonen vore eit heilt anna scenario enn at det tilfeldigvis er ein lommekjend styrmann på jobb i området og sleper dei vekk frå farane.

Her ser vi skader i skroget på fiskebåten.

Her ser vi skader i skroget på fiskebåten. Foto:

"Victoria May" står no på slipp på Stadyard på Raudeberg. Skadane viser at det har vore sterke krefter i sving, men dei fekk vassinntrenging berre i ein lugar og ein dieseltank.   

Artikkeltags