Firdaposten kunne ikkje ta turen ut i havgapet, men har fått rapport frå Trond Strømgren.
Han skriv at fotografen fangar lokale motiv med blikk for detaljar og uvanlege vinklar.
Inspirert av nærmiljøet
- Eg går mykje tur på Fanøya og let auga fange opp gode motiv. Kombinert med skiftande lys og himmel opplever eg eit mangfold av stemningar og mogelegheiter, seier Karen Bakken til Firdapostens utegåande reporter for anledningen.
Eldre bygningar og båtar er motiv på mange av fotoa. Dei framstår som tause monument over svunne tider og innsats til farne slekter.
Bakken si fotoutstilling blir ståande ut august og er open etter avtale.
Ishuset som kulturell arena
Etter mange års innsats frå Ragnhild Jenssen og Stein Olav Bakken stod Ishuset ferdig restaurert i fjor.
Det eine rommet i første etasje har ved fleire høve vorte nytta til kunstutstillingar.
- Det er svært kjekt å kunne nytte ishuset som arena til kunstformidling. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar på mangfaldet i bruken av huset, seier dei to.
Til veka er Ishuset arena for samling av internasjonale fagfolk innan tang og tare, og førstkomande fredag er det dobbel dose bryggekonsert. Både Forza og Shan står på plakaten.