Hovudredningssentralen for Sør-Norge (HRS) melde 07.32 laurdag morgon, at ein båt hadde gått på grunn ved Stavenes i Askvoll kommune.

Det skal vere tre personar om bord, men ingen av desse skal ha vere skadd etter grunnstøytinga.

Dei blir meldt om skader på skroget difor bad havaristen om pumpehjelp.

HRS sende ambulansebåt med bistand frå brannvesenet og redningsskøyte til staden.

– Ambulansebåten kom først og den hadde med seg eit lag frå Kinn Brann og redningsteneste som bistod med å få pumpa ut vatn. Redningsskøyta sette kurs sørover i frå Måløy, men den grunnstøtte båten stod trygt på land, så det var ikkje behov for vidare bistand frå Redningsskøyta.

Båten gjekk vidare for eigen maskin, melder operasjonsleiar Tore-Andre Brakstad hos Vest politidistrikt.