Gå til sidens hovedinnhold

Barnelegeforeininga: Låg risiko å gå i barnehagen

Artikkelen er over 1 år gammel

Barn med kroniske sjukdommar som diabetes, allergi og epilepsi kan fint gå i barnehagen når desse opnar att til veka, meiner Barnelegeforeininga.

– Ut frå kunnskapsgrunnlaget vi har no, ser det ut til at risikoen for alvorleg covid-19 er svært låg både hos barn generelt og hos barn med kroniske sjukdommar og/eller redusert immunforsvar, skriv Norsk barnelegeforening i ei vurdering av kva grupper av barn med kronisk sjukdom som kan møte i barnehage og skule, og kven som bør halde seg heime.

Blant dei som kan møte opp når barnehagane og skulane opnar att, er barn og unge med sjukdommar som diabetes, velkontrollert astma, allergi, epilepsi, hjartefeil utan hjartesvikt og autoimmune sjukdommar som er stabile.

Derimot blir foreldre med barn som har risiko for alvorleg utvikling av luftvegsinfeksjonar, rådde til å vurdere å halde barna heime med tilrettelagd undervisning. Dette gjeld mellom anna barn som er organtransplanterte eller har fått ein beinmergstransplantasjon det siste året, barn med alvorleg hjarte- eller lungesjukdom, og barn med medfødd sjukdom i immunforsvaret.

Barn som er i aktiv kreftbehandling, bør ikkje gå i barnehagen, ifølgje Barnelegeforeininga.

(©NPK)

Kommentarer til denne saken