Fleire får rett til gratis kjernetid i barnehagen

NYE REGLAR: Det blir fleire vaksne og meir gratis kjernetid på barnehagabarna i framtida.

NYE REGLAR: Det blir fleire vaksne og meir gratis kjernetid på barnehagabarna i framtida. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Frå og med 1. august blei det innført fleire nye reglar for barnehagane i landet. Ein av dei gjer fleire barn rett til gratis kjernetid.

DEL

Alle 3-, 4- og 5-åringar som bur i hushaldningar med lav inntekt har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå 1. august i år gjelder gratis kjernetid for hushald med ein samla inntekt på under 533 500 kroner per år. Tidlegare var inntektsgrensa 450 000 kroner. Regjeringa melder at det skal brukast om lag 500 millionar kroner på å fremme kvalitet i barnehagen i år. Det er meir enn ein dobling frå 2013.

Norskkunnskapar

– Barnehagen er ein viktig arena for lek og for utviklinga av språk og sosiale ferdigheiter. Det gir barna eit betre utgangspunkt når de skal begynne på skulen. Nå får vi fleire tilsette i barnehagen, fleire pedagogar, og vi gir fleire familiar moglegheit til å bruke ordninga gratis kjernetid. Ordninga er særleg viktig for familiar som ikkje snakkar norsk heime, og med økt inntektsgrense blir det fleire barn som kan ta del i barnehagen, seier kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner.

Dei nye reglane vil gje om lag 6.500 fleire born rett til gratis barnehage.

Frå 1. august blei det også innført krav til gode nok norskkunnskapar for å kunne jobbe i ein barnehage. Kravet gjeld for alle som søker jobb i barnehagen, og vil hovudsakleg gjelde for dei som ikkje har barnehagelærarutdanning. Søkjarar til barnehagejobbar må ha avlagt ein norskprøve, og oppnådd ein minimumskarakter i delprøvene leseforståing, lytteforståing, munnleg kommunikasjon og skriftleg framstilling.

Bemanningsnorm

Det blir også innført ein heilt ny bemanningsnorm i barnehagen som skal sikre fleire tilsette i barnehagar med lav bemanning. For barn under 3 år skal det vere maksimalt tre barn per voksen, mens det for barn over 3 år skal vere minst ein voksen per seks barn. Bemanningsnorma er eit minimumskrav og barnehageeigar står fritt til å ha fleire tilsette enn norma. Barnehagane har eit år på seg å oppfylle bemanningsnorma.

I tillegg må barnehagane ha minst éin pedagogisk leier per 7 barn under tre år og minst éin pedagogisk leder per 14 barn over tre år.

Til slutt blei det frå og med den 1. august innført eit forbod mot klesplagg som heilt eller delvis dekker ansiktet.

Nye regler i barnehagene fra 1. august:

  • Det innføres krav til norskferdigheter for å bli ansatt i barnehage
  • Det innføres krav til norskferdigheter for personer med utenlandske yrkeskvalifikasjoner som styrer eller pedagogisk leder
  • Det innføres minimumsnorm for grunnbemanning i barnehagen (bemanningsnorm)
  • Normen for pedagogisk bemanning blir skjerpet
  • Forbud mot heldekkende ansiktsplagg for ansatte i barnehager

Barn med behov for alternativ og supplerende kommunikasjon (ASK), skal få bruke egnede kommunikasjonsformer og kommunikasjonsmidler i barnehagen.

Artikkeltags