Gå til sidens hovedinnhold

Barnehagar og skular i Kinn går til grønt beredskapsnivå

Beredskapsleiinga i Kinn kommune kjem med gledeleg melding i dag.

I ein pressemelding peikar dei på at det nasjonalt er opna for lokale vedtak om beredskapsnivået i skular og barnehagar.

Dermed nyttar Kinn kommune høvet til å gå til grønt nivå. Det betyr normal drift i desse tenestene. Ordninga gjeld med verknad frå og med måndag 31. mai 2021.

Overgangen til grønt nivå vert gjort etter ei vurdering av smittesituasjonen i kommunen. Vi har ingen smitte i dag. Samstundes vert samfunnet gradvis opna opp att, og fleire vert vaksinerte.

Ei opning kan medføre at vi kan få smitte, strekar kommunen under:

«Det vil ikkje medføre ein automatisk overgang til eit høgre beredskapsnivå, men vil utløyse umiddelbare tiltak i høve smittesporing og eventuell karantene. Gjennom det siste halvanna året har vi fått røynsle med slikt arbeid. God røynsle. Beredskapsleiinga i Kinn vil sjølvsagt vurdere situasjonen fortløpande i høve naudsynte tiltak i kommunen generelt og oppvekstsektoren spesielt.»

Grøn beredskap gir også skular og barnehagar høve til å planlegge med oppstart av eit nytt skuleår med ei ordinær drift. For barnehagane vil det bli enklare å gjennomføre drifta også i sommarmånadane.

Grøn beredskap lettar drifta i kommunen og tenestene sine måtar å stelle seg til pandemien. Ei nedtrapping av beredskapen påverkar likevel ikkje at den enkelte av oss framleis tenker smittevern. Det gjeld handhygiene og at vi held oss heime ved sjukdom eller symptom på det.

Kommentarer til denne saken