Gå til sidens hovedinnhold

Barnehagar, 1–4. trinn i barneskulen og SFO blir opna i slutten av april

Artikkelen er over 1 år gammel

Regjeringa opnar opp landets barnehagar 20. april. Veka etter opnast 1–4. trinn i barneskulen, samt SFO.

Det stadfesta statsminister Erna Solberg (H) på ein pressekonferanse tysdag ettermiddag.

– Smitteutviklinga må framleis følgjast nøye, og det kan vere nødvendig å stramme til igjen dersom smitten aukar. Men alt tyder på at vi beveger oss i rett retning, seier barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF).

Mange har ytra bekymring med omsyn til barn som har det vanskeleg heime i perioden der skulane har vore stengde. Redd Barna understrekar viktigheita av at de tilsette er ekstra merksame på barna når dei kjem tilbake igjen i skulen og barnehagen.

– Som alltid er det viktig at de melder frå til hjelpeapparatet dersom de blir bekymra for heimesituasjonen til barna, slik at barna og familiane kan få ekstra hjelp og støtte, seier leder Monica Sydgård i Redd Barnas Norgesprogram.

Landets skular og barnehagar har vore stengt sidan 12. mars.

Kommentarer til denne saken