Gå til sidens hovedinnhold

Barnehagane får dagleg matservering, men må klare seg med det personalet dei har

Artikkelen er over 1 år gammel

I formannskapet denne veka vedtok Flora-politikarane å oppgradere kjøkkena i dei fire barnehagane i Florø som per i dag ikkje har matservering. Når nye kjøkken er på plass, skal det innførast dagleg matservering.

For abonnentar

Tysdag skulle Flora formannskap vedta oppgradering av kjøkkena i Storevatn, Krokane, Dalvegen og Havrenes barnehagar, slik at også desse barnehagane kan innføre dagleg matservering.

Men det brygga opp til omkamp om heile matserveringa då det vart klart at det ikkje følger ekstra bemanning med matserveringa. Det er heller ikkje rekna på kor dyr ordninga vil bli totalt sett til neste år, når ein er ny kommune. For Vågsøy har ikkje matservering i sine barnehagar per i dag.

– Blir for dyrt med personale

Høgre og Venstre utfordra administrasjonen på kvifor det no ikkje lengre er snakk om at barnehagane skal få tilført ein personalressurs samstundes med at dagleg matservering vert innført.

Dette låg som ein del av ordninga i fjor då det vart vedteke. I dei politiske sakspapira stod det mellom anna; «Viktige føresetnader er at prisnivået på kostpengar er akseptabelt for foreldra, og at omfanget av ordninga ikkje går ut over kvaliteten på barnehagetilbodet til barna (voksendekning per barn».

Det vart også slått fast av sakshandsamar Runa Nybakk at «Personalet i barnehagane og foreldregrupper er tydelege på at ordning med matservering ikkje må gå ut over bemanningssituasjonen», og at arbeidsoppgåvene med dagleg matservering, bestilling, tillaging osv. «vil krevje personalressurs».

Men no har ein altså gått vekk frå dette. Årsaka er kostnadene, sa barnehagekonsulent Runa Nybakk til formannskapet tysdag.

– Ein del dilemma

– Det er vedteke at denne ordninga skal vere sjølvfinansierande. Så viss det skal vere ekstra personale i samband med matserveringa, så vil det koste foreldra 6–700 kroner i månaden. Det blir for kostbart, sa ho.

– Det er ein del dilemma med å innføre dette. Personalet må organisere seg på ein annan møte, men evalueringane frå barnehagane som har testa dette viser at dei finn gode måtar å gjere det på, sa ho.

Nybakk minna vidare om at saka no handlar om ei investering for å oppgradere kjøkkena i dei fire resterande barnehagane. Matserveringa i seg sjølv er vedteke tidlegare.

– I dei fire barnehagane som står att, så seier Mattilsynet at dersom dei skal servere mat, så må kjøkkena oppgraderast. Storevatn barnehage har sitt opphavlege kjøkken frå 1980, sa Nybakk.

Eg synst det er utruleg at ein ikkje tar innover seg dei negative tilbakemeldingane frå barnehagane sjølve

Bengt Solheim-Olsen

 

– Utruleg at ein ikkje høyrer på barnehagane

I evalueringa av prøveordninga med matservering peikar også barnehagane sjølve på personalmangelen som ei utfordring. Ordninga er ressurskrevjande og tek si tid. 

I to av barnehagane blir det stipulert at nesten eit halvt dagsverk går med til førebuing, gjennomføring og etterarbeid av fellesmåltida:  Ikkje alt er bra med matservering i barnehagane, viser ny Flora-rapport

– Eg synst det er utruleg at ein ikkje tar innover seg dei negative tilbakemeldingane frå barnehagane sjølve. Bemanningssituasjonen har dei problematisert heile vegen, sa Bengt Solheim-Olsen (H) i formannskapet.

Han fekk støtte frå partifelle Trine Hovland:

– I Levekårsutvalet ønska vi å skalere ned tilbodet, fordi det tar mykje at tida frå det pedagogiske, men vi blei nedstemt. Når dei tilsette skal gjere dette blir det mykje meirarbeid. Dei skal bestille mat, må sette seg inn i allergiar og intoleranse, lage til osv. Vi gir ei stor utfordring til personalet i barnehagane her, det må vi vere klar over, sa ho.

– Dette med bemanningssituasjonen i barnehagane i forhold til matserveringa har vore ei kjend sak, som har vore diskutert tidlegare. Det vart sagt at det skulle takast tak i. Men det er ikkje gjort, påpeika Jacob Nødseth (V).

Framlegget frå Venstre og Høgre var slik:

Formannskapet er positiv til intensjonane i saka. Formannskapet ser det likevel som viktig at ei slik ordning vert avpassa økonomiske realitetar i kommunen, medrekna at ei slik ordning kan medføre behov for ei auke i bemanninga som det ikkje er rom for i kommunen sitt budsjett. Rådmannen kjem tilbake til bystyret med ei sak der desse konsekvensane blir drøfta/opplyst. Rådmannen si sak skal også drøfte konsekvensar dette kan få for nye Kinn kommune.

Forslaget deira vart nedstemt i formannskapet, med 4 mot 5.

– Støttar det heilhjarta

Matservering i alle barnehagane har vore ein av hjartesakene til Arbeidarpartiet.

– Ap støtter saka heilhjarta, og når vi er i Kinn må vi utvide ordninga til heile kommunen, sa Ola Teigen (Ap). Han meinte også at barnehagane hadde fått auka bemanninga, så han såg ikkje problemstillinga.

Med Ap sine fire stemmer og ein frå SV, vart det fleirtal for det opphavlege framlegg til vedtak;

Arbeidet med rehabilitering av kjøkken i Havrenes barnehage, Krokane barnehage og Storevatn barnehage vert starta opp snarast. Det vert sett av investeringsmidlar, kr 1, 8 mill. (inkl. mva.) til arbeidet.

Les også

Elias (4) har hatt smørelunsj i barnehagen kvar dag i eit halvt år. No får kanskje dei andre barnehagebarna det også.

 

Les også

Kvar dag lagar Nina varm mat til barnehagebarna på Torvmyrane

Kommentarer til denne saken