Planar på søndagen?

Barnas Turlag ønskjer barn i alle aldre er velkomen til ein kjekk dag i naturen.

Barnas Turlag ønskjer barn i alle aldre er velkomen til ein kjekk dag i naturen. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Barnas Turlag inviterer nemleg til ein dag i naturen.

DEL

Førstkommande søndag er det igjen klart for Barnas Turlag sitt arrangement «Finn fram-dag».Turen vil gå oppover mot Brandsøyåsen og undervegs skal det jaktast på orienteringspostar og nye stigar.

Bildet er frå ein tidlegare «Finn fram»-dag i regi av turlaget. Her ser vi Mathias Rognsø og pappaen Ørjan som tar seg ei lita pølsepause.

Bildet er frå ein tidlegare «Finn fram»-dag i regi av turlaget. Her ser vi Mathias Rognsø og pappaen Ørjan som tar seg ei lita pølsepause. Foto:

Startskotet går frå Torvmyrare skule frå k 11.00-11.30, her vil alle få utlevert kart med innteikna orienteringspostar. Det blir også lagt ut ei løype med orienteringspostar frå Torvmyrane og oppover i åsen rundt omkring på stigar. Turen fungerer slik at ein går kvar for seg, men om ein ikkje vil gå aleine så er det mogleg å gå saman med følge klokka 11.30.

Rosinen i pølsa blir båltenning og tilhøyrande grilling av pølser, pinnebrød og marshmallows. Til og med vêrforholda ligg til rette for at dette skal bli ein fin dag ute i naturen.

Artikkeltags