Klokka 14.13 melde politiet om ei trafikkulykke i Hans Blomgate i Florø sentrum.
Eit barn skal vere påkøyrt av ein bil i gangfeltet.
I følgje Firda opplyser operasjonssentralen i Bergen at det var ein patrulje som kom over påkøyrsla.
Det var like ved legesenteret, så det blei sendt ut ein lege derifrå, som undersøker den påkøyrde jenta, seier operasjonsleiar Ingrid Teigland Tepstad.
Operasjonsleiaren veit førebels ikkje noko om skadeomfanget. Det skal ikkje vere mistanke om rus.
Oppdatering.
Politiet gjer no undersøkingar på staden og tek avhøyr av dei involverte og vitne, melder Vest politidistrikt klokka 15.04.