Per dags dato er det over 366 000 uføre her i landet. 22.000 av desse er under 29 år. Nesten 1/3 del av dei som er uføretrygda har en psykisk lidelse eller adfersdforstyrrelsar. Nesten 1 av 5 personar mellom 18 og 59 år er ikkje i ararbeid eller utdanning.

Lærarar i Kinn kommune rapporterar om at adfersvanskar hjå elevar i skule er eit aukande problem, og dei bruker store ressursar for å løyse desse utfordringane. Dette er tid og ressursar som skulle vore nytta til undervisning. Stadig fleire unge slit med psykiske vanskar. Dette er også tilfelle i Kinn.

Vi har eit sterkt aukane antal eldre, samstundes som vi manglar folk i pleie og omsorgssektoren. Dette blir ei kjempeutfordring framover. Då kan vi ikkje sitte å sjå på at stadig fleire unge utviklar problem av ulike slag som fører til at dei vert uføre og endar opp som ressurskrevande brukarar i helse- omsorgs- og sosialsektoren.

Vi trenge friske og sterke unge som kan bidra til fellesskapet. Ikkje berre for samfunnet sin del sjølvsagt, men ikkje minst for at den einskilde skal oppleve eit godt liv, føle meistring og tilhørighet. I samband med ny barnevernreform er det krav til at kommunane utarbeidar ein plan for forebygging av omsorgssvikt og adfersvanskar. Dette arbeidet er også Kinn kommune i gang med. Her er det viktig at vi politikarar er på. Men skal denne planen bli noko anna enn eit skrivebordsdokument, må det følge ressurser med.

Kinn kommune skal være ein god kommune å vekse opp i, bu i og bli gammal i. Då må vi prioritere tiltak for å forebygge adfersvanskar, psykisk og fysisk uhelse, og sosiale vanskar. Hjå heile befolkninga eigentleg, men jo tidligare ein kjem inn, jo større mulighet for å lykkast.

Difor vil Sp ha eit spesielt fokus på barn og unge sine oppvekstvilkår. Kinn Senterparti vil

- Jobbe for ei god kommunal jordmorteneste og svangerskapsomsorg

- Ha økt bemanning i barnehagane

- Opprette vikarpool i barnehage og skule for å sikre nok kvalifiserte vikarer

- Ha eit trygt og kvalitetssikra læringsmiljø for barn og unge i heile oppvekstsektoren. Dette meiner vi best vert sikra gjennom to- pedagogordning i skulen.

- At nødvendig informasjon må følge elevane når dei går frå barehage til skule, frå barneskule til ungdomsskule og frå grunnskule til vidaregåande skule

- At spesialpedagogiske tiltak vert sett og inn og fulgt opp umiddelbart etter at behov er avdekka.

- Styrke skulehelsetenesta og sikre at alle skular har tilgang til helsesjukepleiar, og miljørterapeut med sosialfagleg høgskuleutdanning

- Ha ungdomar med MOT

- Styrke den fleirkulturelle kompetansen i barnevernet

- Hindre at Barnevernet vært ein salderingspost

- Styrke tenestene innan psykiatri, rusomsorg og PPT

Vidare vil vi

- At alle barn som ønsker det, skal få delta på ein ein organisert aktivitet uavhengig av familien sin økonmi.

- Fremme friluftsliv og støtte frivillige som legg til rette for fruliftsliv, merking av turløyper og stiar

- Støtte nærmiljøtiltak som kan fremje trivsel og tilhørighet

Ja, desse tiltaka kostar, og vi er alle kjent med den vanskelige økonomiske situasjonen kommunen er i. Stat og kommune brukar fleirfoldige millionar på dei som fell utanfor. Rus og psykiatri er kostbart. Dessverre er det kapitalismen som rår. Menneskelige lidingar kan ikkje målast i pengar. Men kva det kostar på sikt for samfunnet når menneske fell utanfor, og kansje til et liv prega av rus- , psykiske problem og/eller kriminalitet har nokon rekna på. «Utanforrekneskapen» er et verktøy som syner kor mykje samfunnet potensielt kan spare på å forebygge framfor å reparere. For politikarar og spesielt interreserte syner eg til ks.no.

James Heckman, som er nobelprisvinnar i økonomi har uttalt ar det er lønsamt å invistere i tidleg barndom. Forebygging løner seg for einskildmenneske og samfunn.