Barlindbotn settefisk tapte i Høgsterett, må betale 200.000 i bot

FEKK IKKJE MEDHALD: Høgsterett kom til same konklusjon om Barlind settefisk og den mykje omdiskuterte nedtappinga av vatnet i 2014.

FEKK IKKJE MEDHALD: Høgsterett kom til same konklusjon om Barlind settefisk og den mykje omdiskuterte nedtappinga av vatnet i 2014. Foto:

FLORØ: Heller ikkje Høgsterett gav oppdrettarane medhald i saka om nedtapping av Jagedalsvatnet, og no er dommen endeleg.

DEL

Bota på 200.000 kroner for ulovleg nedtapping av Jagedalsvatnet som Barlindbotn settefisk blei ilagt av Gulating lagmannsrett, blir no ståande. Ifølgje NRK har Høgsterett no handsama saka, og oppdrettarane fekk ikkje medhald.

Saka mot Barlindbotn Settefisk opp i Høgsterett

Saka handlar om korvidt Barlindbotn settefisk braut Vassressurslova og Naturmangfaldslova då dei i 2014 tappa ned Jagedalsvatnet meir enn kva dei hadde høve til i reguleringsforskriftene. Nedtappinga blei gjort for å berge 1,7 millionar lakseyngel i eit tidsrom der det var mangel på vatn.

Jagedalsvatnet ligg delvis inne i eit naturreservat i Sandvikbotn. Gjennom alle rettsforhandlingane har oppdrettsselskapet, der Inge Helge Vassbotten er styreleiar, hevda naudrett i saka, men det synet har ikkje vunne fram i rettsinstansane.


Artikkeltags