Gå til sidens hovedinnhold

Båreseremoni for dei omkomne på Jan Mayen: – Ei verdig mottaking

Dei to personane som omkom i eit snøskred på Jan Mayen returnerte måndag til fastlandet for båreseremoni.

Bårene med dei to som omkom i snøskred på Jan Mayen kom til Gardermoen militærflyplass måndag kveld, i eit Hercules-fly.

– Det var ei verdig mottaking av to av våre som vi mista. Bårene blei tatt i mot av vernepliktige frå Hans Majestet Kongens garde, der dei pårørande fekk tatt imot bårene, seier oberstløytnant Vegard Finberg i Forsvaret til NTB.

– Det er vanskeleg å beskrive dette som noko anna enn veldig trist. Alle er i djup sorg. Det som er spesielt er at det berre er 48 timar sidan dei pårørande fekk dødsbodskapen, seier han.

Forsvarsministeren deltok

Dei pårørande var også til stades under talen til Inge Kampenes, som er generalmajor og sjef for cyberforsvaret. Til stades var også forsvarsminister Frank Bakke-Jensen og forsvarssjef Eirik Kristoffersen, fortel Finberg.

– Det er tungt for Forsvaret, for Forsvarets leiing. Det er kollegaene våre. Det har vore to tøffe døgn, seier han.

Skal obduserast

Det var Robin Karlsen (31) frå Nordland og Bjørg Kathrine Batalden (57) frå Vestland som omkom i snøskredet på Jan Mayen laurdag ettermiddag.

Begge var sivilt tilsette i Forsvaret. Karlsen frå Nordland var ingeniør, mens Batalden frå Vestland jobba som avdelingssjukepleiar.

– Bårene blir frakta til Rikshospitalet, der dei omkomne skal obduserast. Det er normal prosedyre. Prosessen vidare avtalast med gravferdsbyrået, seier Finberg.

Her kan du sjå video av bårene som kjem til Gardermoen

(©NTB)

Les også

Bjørg Batalden (57) miste livet i eit snøskred på Jan Mayen laurdag

Les også

Bjørg Batalden var tilsett i Helse Førde: – Det var med stor sorg vi tok imot bodskapen

Kommentarer til denne saken