Gå til sidens hovedinnhold

Bar-slagsmål i Måløy i natt

Klokka to natt til fredag fekk politiet melding om uro på ein utestad i Måløy.

Fleire personar hadde roke i tottane på kvarandre på utestaden Jibben bar, og politiet rykka ut.

Då dei kom til utestaden, var det heile roleg og ingen hadde kome til skade.

Politiet fann ut at det var to personar som hadde slåst, og begge desse vart viste bort frå sentrum denne natta.

Dei to vert politimelde for ordensuroing.

Kommentarer til denne saken