Sparebanken Vest fortel i ei pressemelding at dei skal utfordre bankmarknaden med ein heilt ny nasjonal bank, som berre vil vere tilgjengeleg på mobiltelefonen. Banken som skal lanserast i første halvår 2019 skal vere den første som kombinerer suverene nye brukaropplevingar med lån og tradisjonelle banktenester.

– Den nye banken skal bli neste generasjons mobilbank. Vi har eit unikt utgangspunkt med det som er kåra til Norges beste mobilbank og sannsynlegvis det beste teknologimiljøet i landet innan brukaropplevingar, seier Jan Erik Kjerpeseth, konsernsjef i Sparebanken Vest.

Kjerpeseth fortel at ambisjonen med den nye banken er å løyse dei daglegdagse finansielle utfordringane til folk med gode tips og råd, i tillegg til å tilby bustadlån og andre tradisjonelle banktenester.

Dette skal vere ei lansering på kundane sine premissar. Brukarane har rangert Sparebanken Vest mobilbanken sin til Norges beste mobilbank i fem år på rad i Google Play og App Store.

– Vi byggjer vidare på ein kjempesuksess. Med den nye banken etablerer vi oss for alvor på den nasjonale arenaen. No skal vi ut og treffa nye målgrupper med eit konsept som vi ikkje tilbyr i dag, seier Jan Erik Kjerpeseth.

Sparebanken Vest

Sparebanken Vest (SVEG) er den tredje største og nest eldste banken i landet, med ein forvaltningskapital på 177 milliardar kroner og har i dag omlag 700 årsverk.

Hovudkontoret ligg i Bergen.

Banken betener 275 000 personkundar og 11 000 bedriftskundar i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane.