Ole berga fellesfyrverkeriet

STILLER OPP: Ole Aukland i Sparebanken Sogn og Fjordane stiller med midlar for å sikre fellesfyrverkeriet etter barnekjippen.

STILLER OPP: Ole Aukland i Sparebanken Sogn og Fjordane stiller med midlar for å sikre fellesfyrverkeriet etter barnekjippen. Foto:

FLORØ: Banksjef Ole Aukland og Sparebanken Sogn og Fjordane gav 30.000 kroner til fellesfyrverkeriet.

DEL

Etter ti år takkar Jan Roar Hatlem for seg som sjef for fellesfyrverkeriet i Florø. No ønskjer Sparebanken Sogn og Fjordane å vidareføre den gode bytradisjonen i overgangen til 2019.

– Eg meiner dette er viktig å vidareføre. Det har etablert seg som ein fin tradisjon, og då det har vore oppskyting etter barneklippen så er det også eit flott tiltak for barn, seier Ole Aukland.

Banken kasta seg rundt for å sjekke korleis ei vidareføring skulle kunne la seg gjere etter at det kom fram at Hatlem gir seg som rakettsjef.

Samla til dugnad

– Eg håper det er fleire som kan vere med å samle inn midlar til eit fyrverkeri vi kan ha i fellesskap. Her får vi rett og slett større opplevingar om vi gjer noko felles, seier Aukland. Han kastar 30.000 kroner inn i potten for å få hasteprosjektet til å rulle. Han ser også med eit slikt fellesfyrverkeri som eit tryggare alternativ.

Han tiok kontakt med Steinar Svardal på Eurospar Krokane for å sjå korleis dette kunne gjerast i praksis. For innkjøp av stort fyrverkeri skjer ikkje over disk, og det er også lengre leveringstid. Så har du oppskyting som må skje i trygge former.

– Vi håper vi rekker dette, seier Aukland som onsdag samla til stordugnad.

Gav godkjenning

Robert Endestad i Florø brannvesen var tydeleg på at dei stilte opp.

– Dette er vi med på. Vi stiller med vakthald og sikring og vil også vere med på oppskytinga av fyrverkeriet saman med Per Kristian Byrkjeland som har sertifiseringa som skal til, svara Endestad.

Det å skaffe fyrverkeriet lét seg også løyse.

– Når du har rette kontaktane så går det bra, seier Steinar Svardal som gjer bestilling av fyrverkeriet. Fristen er sett til klokka 12.00 torsdag då han veit meir om storleiken på beløpet som kjem inn. Banken har gitt 30.000 kroner, Eurospar Krokane går inn med 5000 og Flora kommune er med som dei har vore kvart år Hatlem har drive tidlegare prosjekt.

- Kjempeflott tradisjon

– Dette er ein kjempeflott tradisjon der det har vore tusenvis som har samla seg i byen, så det er klart vi er med om nokre ønskjer å vidareføre tradisjonen, seier ordførar Ola Teigen.

Aukland fortel at supporterklubben til Florø Fotball «Stimen» tar seg av tilrettelegging og opprydding på Kaia.

– Dette har blitt det dugnadsprosjektet vi håpa på, seier Aukland. For med ei bestilling på kring 50.000 kroner vil folk i Florø få eit fullverdig fyrverkeri i det vi går inn i 2019.

Sparebanken Sogn og Fjordane har sett opp vippskontoen 549217 slik at dei som ønskjer å vere med på fellesfyrverkeriet kan yte sin skjerv der.

Artikkeltags