Nede bak tjukke murar i hvelvet på Sparebanken Sogn og Fjordane står eit møblement nytta av dei mektigaste i Florø gjennom generasjonar. Det er styrebordet og stolane til gamle Kinns sparebank som vart restaurert då Flora Bremanger sparebank flytta inn i nytt bygg i Strandgata i 1985. No skal det bort.

Det er ikkje med lett hjarte at banksjef Ole Aukland no må kvitte seg med styrebordet i eik og dei seks stolane som høyrer til.

– Dette møblementet er jo eit smykke, så vi ønsker at det blir teke vare på i framtida. Kva vi skal gjere med det, veit vi rett og slett ikkje, men kanskje lesarane til Firdaposten kan hjelpe oss, seier Aukland.

Det er rundt dette bordet dei mektige i Florasamfunnet har møttest for å ta avgjerder med direkte eller indirekte påverka Florasamfunnet. For nostalgikarane og byhistorikarane er det såleis meir enn eit vakkert bord med tilhøyrande stolar.   

Kinns sparebank

  • Det var nokre framståande personar som stod fram og garanterte for eit grunnfond 2000 spesidalar som gav grunnlaget for Kinns sparebank i 1862.
  • Det var overrettssakførar Carl Flock som var den første bankkasseraren til Kinns sparebank.
  • Banken flytta til Trovikbygget (Florøsjela) i 1867 saman med toll og postkontoret og vart styrt av tollbetjent C. Fisher.
  • I 1897 då Kinn kommune bygde nytt kommunehus like utanfor bygrensene (Kinnhuset) vart Kinns sparebank med. Soga seiar at det var forarging då banken vart kravd 10 kroner i skatt til Florø kommune.
  • Kinns sparebank vart verande i Kinnhuset fram til 1953 då den flytta til Sunnfjord meieri sitt nybygg i Strandgata. Aktiviteten auka og i 1962 flytta banken i eige bygg i Strandgata 43. Etter samanslåinga med Bremanger sparebank (etbl. 1898) i 1971 valde den nye banken, Flora Bremanger sparebank å bygge nytt i Strandgata 43.
  • Banken flytta inn i nye lokale i 1985.
  • No, 32 år seinare, skal banken, som er blitt Sparebanken Sogn og Fjordane, flytte til Byporten.