BankID skal byte driftsleverandør. Dermed må alle brukarar rekne med noko nedetid og uro.

Torsdag startar flyttinga av BankID-tenestene frå Nets til den nye driftsleverandøren DXC. Denne overgangen vil føre til noko nedetid, opplyser selskapet i ei pressemelding.

Overgangen til ny leverandør skal ikkje påverke brukarane i stor grad, men i ein slik flytteprosess kan uventa ting skje, seier produktansvarlege for BankID Ole Petter Aasen.

– Vi har god kontroll på alle steg, og vi har øvd godt på flytteprosessen saman med bankane og leverandørane. Sjølv om vi ikkje forventar komplikasjonar, har vi valt å varsle alle BankID-brukarane om at det kan bli noko redusert tilgjengelegheit dei neste dagane.

BankID vil vere utilgjengeleg mellom midnatt og klokka åtte om morgonen torsdag.

Aasen ber folk vere ekstra merksame på svindelforsøk no som det går føre seg endringar i BankID.

– Det er viktig å understreke at verken BankID, Vipps, bankar eller andre seriøse aktørar vil be deg oppgi innloggingsdetaljar på telefon, SMS eller e-post. Ver òg skeptisk til å følgje lenkjer du får i slike kanalar. Er du i tvil om førespurnaden er ekte, eller mistenkjer at noko er svindel, ta kontakt med banken din, seier Aasen.

(©NPK)