Sparebanken Sogn og Fjordane leverte i 2014 eit resultat etter skatt på 327 millionar.
– Vi har bikka ein milliard i resultat på dei tre siste åra. Det er ikkje mange bedrifter her i fylket som kan vise til same resultat, seier banksjef for personmarknaden i Florø Ole Aukland. Han har absolutt grunn til å vere stolt over resultatet. For veksten på personmarknaden har vore veldig sterk med ein vekst på 22 prosent. Florø er kontoret som har vekse desidert mest i 2014. Og det er på bakgrunn av målretta satsing at dei no leverer på botnlinja.

Viktig satsing

– Den klare årsaka er satsinga vår. Vi har fått fire nye, som har gitt oss ny vekst på kysten, det er det ikkje tvil om. Det har definitivt vore ein suksess å styrke oss på personmarknaden i Florø, seier han.
Dei fire nye tilsette kom ifrå Nordeakontoret i Kystbyen. Dei har truleg ført til at mange har latt engasjementa sine følge rådgjevarane då dei har skifta arbeidsgjevar. For quattroen frå Kolkaia har gitt Florøkontoret til fylkesbanken ein opptur.
"Det er ikkje tvil om at Sparebanken Sogn og Fjordane si satsing på kysten, med fire nye medarbeidarar har gitt vekst.
Ole Aukland
Banksjef for PM i Florø
Sjølv om stiftinga som eig Sparebanken vil at overskotet skal komme fylket til gode, kjem halvparten av veksten til Sparebanken Sogn og Fjordane sett under eitt frå engasjement utanfor fylket. Den prosentvise veksten på heimemarknaden er likevel større i Florø enn hos andre lokalkontor banken har i fylket.

Positiv vekst

– Dette vitnar om positiv vekst her på kysten. Bankdirektør Arvid Andenæs har mellom anna sagt at dette blir kysten sitt tiår, og vi har lenge sett at potensialet i aksen Flora-Vågsøy er stort, poengterer Aukland.
Florøkontoret har heller aldri lånt ut meir til folk i Florø. Dei passerte nyleg ein milepæl med heile 3 milliardar i samla utlån.
– Betre resultat og større verdiskaping her betyr meir gåvemidlar og større sponsing til lokalmiljøet. Resultatet gjer til at vi kan legge meir igjen lokalt, avsluttar banksjefen.