Florø bakeri og konditori AS har no meldt til Mattilsynet at dei har retta opp i manglane som vart påpeikt under eit tilsyn for nesten to månader sidan. Det melder Mattilsynet overfor Firdaposten, og legg til at dei no har gitt bakeriet tommelen opp att.
Under tilsynet fann inspektøren smuss, smular og belegg på golvet, bak maskiner, på maskiner, på handtak og karmar, i tillegg til husfloger.
Allereie då Firdaposten skreiv om tilsynet i starten av oktober, skal bakeriet ha jobba for å rette opp i manglane som var påpeikt av tilsynet. Dei har også endra rutinane sine.
– Vi har teke tak i alle momenta i rapporten, og vi har også endra rutinane våre. Gode nok reinhaldsrutinar er noko vi jobbar kontinuerleg med. I tillegg til fire hovudnedvask kvart år, vaskar vi ned heile bakeriet ein gong i veka, sa Bjåstad til Firdaposten i starten av oktober.

Mattilsynet peikar på manglande reinhald ved Florø bakeri. – Vi tek dette på største alvor, svarar dagleg leiar.