Både lykkeforskar og helseministeren oppmodar folk til å hengje opp julelysa no

Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK Foto:

Av

Lys er positivt og skaper kvardagsglede, meiner psykolog og lykkeforskar Ragnhild Bang Nes i FHI. Ho oppmodar folk til å hengje opp julelys.

DEL

Psykologen ber folk til å gi blaffen i dei som rynkar på nasen over julestjerner i vindauge og lys i buskar før kalenderen viser desember.

– Eg trur lys set oss i veldig god stemning, og det treng vi no som vi ikkje kan samlast som før, seier Bang Nes til NRK.

Ho meiner at lysa er ein enkel måte å skape kvardagsglede på.

– Viss alle hengjer opp julelysene no, viser vi at vi ventar på den koronafrie tida, seier forskaren.

Også helseminister Bent Høie (H) oppmoda under koronapressekonferansen på onsdag folk til å hengje opp julelys i vindauga.

– Eg synest vi må gjere meir av dette i tida framover. Heng opp ei stjerne eller hjarte i vindauget. Gjer noko som hjelper deg sjølv og andre gjennom ein mørk månad, sa Høie.

Dette seier han også i ei pressemelding:

– Tenn lys! Det er mange av oss som pleier å himle med auga når julestjernene vert tent i butikkvindaugene og julemarsipanen byr seg fram i butikkhyllene lenge før det har blitt desember. – Jula kjem jo tidlegare kvart einaste år, sukkar vi oppgitt. Men vi smilar skeivt i skjul, for vi synst eigentleg det er fint med litt ekstra lys i den mørkaste og kaldaste tida. I år har vi større ting å tenke på og verre ting å bekymre oss over, seier Høie.

– Den mørkaste og kaldaste tida har blitt enda mørkare og kaldare. Vi står midt i ein pandemi som bringar med seg alvorleg sjukdom og død. For å hindre at smitten spreier seg, må vi halde oss heime så mykje som mogleg og møte så få menneske så mogleg. Vi må lyse opp denne mørke tida for kvarandre. Vi må vise omsorg for de av oss som strever. Vi må inkludere dei av oss som ikkje har så mange. Vi må møte kvarandre med varme og vennlegheit over munnbindet og meteren. Det er mange som henger opp julestjerner og julelys ekstra tidleg i år. Slik lyser dei opp sine eigne og andre sine dagar. La oss hjelpe kvarandre gjennom denne mørke tida. La jula komme tidleg i år. Tenn lys!, oppfordrar han.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken