Det opplyser kyrkjeverje Erling Bakke Nydal.

– Gravferder med maks 50 deltakarar kan framleis gjennomførast. Det gjeld også unntaksvis for små enkeltsamlingar eller seremoniar med inntil ti deltakarar, til dømes dåp eller vigsel, når ein lokalt vurderer at det er nødvendig, fortel Nydal.

Men det vert ingen ordinære gudstenester dei to neste helgene. I staden vil nokre digitale tilbod bli lagt ut.

– Kyrkja er ikkje stengd, ein kan kontakte dei tilsette på telefon eller e-post, seier kyrkjeverja.

Dette er dei nye smittevernreglane for kyrkja frå 4.–18. januar:

Forbod mot fleire enn 50 deltakarar i gravferd, og 10 deltakarar på andre arrangement.

Planlagde gudstenester, samlingar og faste aktivitetar for alle aldersgrupper haldast digitalt eller avlysast til og med 18. januar.

Små enkeltsamlingar eller seremoniar med inntil ti deltakarar kan gjennomførast (for eksempel dåp, vigsel, diakonale tiltak/sjelesorg, innspeling av digital gudsteneste o.l..