Sogn og Fjordane avistrykk i Førde har i ein årrekke trykt lokalavisene Firdaposten, Firda, Sogn Avis, Firda Tidend, Ytre Sogn og Avisa Nordhordland. Men no tar dette slutt, og trykkeriet vert lagt ned.

Styreleiar i Sogn og Fjordane Avistrykk, Morten Kringler, opplyser i ei pressemelding at dei tilsette på trykkeriet i Førde vart orientert om avgjerda tysdag. Styret i trykkeriet har i møte onsdag bestemt at det ikkje lenger er grunnlag for drift for trykkeriet i Førde. 10 tilsette fordelt på 7–8 årsverk blir råka av nedlegginga.

Styra i Sogn Avis og Firda har bestemt å inngå trykkerisamarbeid med Hordaland trykk og distribusjon på Voss, som erstatning for trykking i Førde.

Grundig vurdering

– Det er gjort ei grundig vurdering av distribusjonsopplegget og risikoen med tanke på lenger transport ved flytting av trykkinga til Voss. Vi klarer å halde trykketidene om lag som i dag, og då vil det vere meir enn nok tid til å få fram avisene til abonnentane i Sogn og Fjordane til same tid som i dag, seier styreleiar i Firda, Ole Morten Ona Ringdal.

Firdaposten og Avisa Nordhordland som er 100 prosent Amedia-eigde, vil også flytte trykkinga til Voss som følge av nedlegginga av trykkeriet i Førde.

Ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Firdaposten, Svend Arne Vee, seier at nedlegginga i liten grad vil påverke produktet Firdaposten og lesarane våre.

– Vi har hatt eit godt og langt kundeforhold til Sogn og Fjordane avistrykk. Samtidig ser eg det er vanskeleg for små trykkeri å vere konkurransedyktige på pris, særleg når etterspurnaden frå lesarane etter papiraviser er fallande, seier Vee.

– Til liks med Sogn Avis og Firda blir nok også Firdaposten kunde på Voss i framtida, og lesarane våre vil halde fram med å få papiravisa si som før, forsikrar Svend Arne Vee.

– Stor omstilling

Styreleiar i Firda, Ole Morten Ona Ringdal, seier at avisbransjen står midt i ei stor omstilling. Stadig fleire brukar avisa digitalt, og talet på papiravisabonnentar er kraftig redusert. Alt tyder på at denne utviklinga vil halde fram.

Å trykke aviser er dyrt. Når talet på aviser som skal trykkast er fallande, betyr dette at trykkekostnaden per avis blir høgre.

– Vi må heile tida finne dei mest optimale og kostnadseffektive måtane å produsere papiraviser på i åra som kjem. Å samle trykkinga av fleire aviser i eitt trykkeri er ei openberr moglegheit til å redusere kostnadene. Reduserte utgifter kjem i neste omgang abonnentar og mediehusa til gode. Desse pengane kan vi kan investere i å lage innhald, seier Ringdal.

Styreleiar i Sogn Avis og administrerande direktør i Firda, Svein Atle Huus, stiller seg bak dette:

– Trass den sterke digitale utviklinga for Sogn Avis og Firda dei siste åra, har vi framleis ein stor del av kostnadane våre knytt til papirproduktet. Dette tvingar oss til å sjå på kostnadane våre, seier Huus.

– Målet er å bevare og helst styrke posisjonane våre i åra framover.