Flytrafikken går som normalt

Florø Lufthamn: Widerøe flyr ikkje lenger mellom Florø og Bergen tidleg fredag morgon. Arkivfoto: Dag Nesbø Frøyen
Artikkelen er over 2 år gammel
Det var full stopp i flytrafikken grunna dårleg sikt fredag morgon.
I går på Kristi Himmelfartsdag var det ingen helikopter-trafikk inn frå oljefelta i Nordsjøen. Skodde har lege som eit lågt belte over store delar av kysten.
- Det er vanskeleg å spå og marginale forhold, så det kan bli flyruter og helikopter-ruter att i ettermiddag, det fortel Camilla Dupevik Steinhovden i tårnet hos Avinor i Florø.
Like før 11.30 melder Avinor at flytrafikken går som normalt att.