Florø lufthamn aukar mest

Florø lufthamn

Florø lufthamn Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Flystatistikken for oktober er klar, og det er Florø lufthamn som har den største auken i passasjertal i fylket.

DEL

Avinor sine passasjertal for oktober månad viser at Florø lufthamn hadde ein auke på 7,7 prosent. Dette inkluderere offshorepassasjerar.

Totalt var det 13.280 passasjerar som reiste via Florø førre månad. 9360 av desse var ordinære rutepassasjerar, mens det var 2700 helikopterpassasjerar offshore. I tillegg var det 1220 transitpassasjerar, som kun sit i flyet og ventar, og 206 transferpassasjerar, passasjerar som kjem med eit fly, og byter til eit anna.

Førde lufthamn hadde 7595 passasjerar innom i oktober, ein auke på 2,3 prosent. Førde hadde 212 transitpassasjerar, som er inkludert i passasjertalet, og 76 transferpassasjerar.

Sandane hadde auke på 6,5 prosent, med totalt 3747 passasjerar, mens Sogndal hadde 8370 passasjerar, ein auke på 0,3 prosent.

Heile 1836 av Sogndal sine passasjerar var transitpassasjerar. I tillegg har Sogndal flest transfer-passasjerar, med 1070.

634 av Sandane sine var i transit, mens 16 var transfer.

Debatt om tala

Det var i 2015 ein debatt på Stortinget om Avinor sin bruk av passasjertala.

Mellom andre Sveinung Rotevatn (V) meinte Avinor måtte synleggjere passasjertal utan transit/transfer-passasjerar, for å gi eit mest mogleg sannferdig bilde av kor mange passasjerar som faktisk reiser til og frå ein flyplass.

Debatten kom fordi Avinor nytta tal inkludert transfer/transit i sitt passasjergrunnlag då dei skulle vurdere flytilbodet på kortbanenettet. Mens transfer/transit i realiteten er passasjerar som ikkje vil vere på flyplassen, men er det på grunn av ei kombinasjonsrute, flybyte o.l.

Rotevatn sendte skriftleg spørsmål til Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen om dette i februar 2015. Han svarte at Avinor i det vidare arbeidet skulle bruke tal for "kommet/reist", slik at det vart lettare å  samanlikne dei ulike lufthamnene.

I statistikken som Avinor publiserer kvar månad er transfer og transit oppgitt i ei eiga kolonne. Trekker ein frå desse tala har Florø 1426 færre passasjerar, Førde 288 færre, Sandane 650 færre og Sogndal heile 2906 færre.

passasjertal

Passasjerar i oktober:

Florø: 13.280, + 7,7 prosent

Sandane: 3747, + 6,5 prosent

Førde: 7595, + 2,3 prosent

Sogndal: 8370, + 0,3 prosent

Artikkeltags