Klokka 01.45 natt til søndag kjem Vest Politidistrikt med ei åtvaring og ei oppmoding til folk som må ut på vegane i natt- og morgontimane.

– Framleis mange meldingar på tre som har falle ut i vegbana mange stader på Vestlandet, skriv politiet.

Politiet ber køyrande om å følge godt med og køyre forsiktig.