Åtvarar mot frost og glatte vegar i dag

Vinteren har ikkje sluppe taket på kysten av fylket, i alle fall ikkje temperaturmessig.

DEL

Natt til måndag var det under frysepunktet i Florø og fleire stader på kysten av fylket, og dei som var tidlegast oppe blei møtt av islagte frontruter på bilane sine.

No åtvarar Vegtrafikksentralen mot å køyre sommarskodd viss du skal over ein fjellovergang i løpet av dagen. På fleire fjellovergangar har det kome nysnø i løpet av natta, og temperaturen vil halde seg under null utover dagen på dei høgaste punkta.

Denne ver- og føresituasjonen kan kome til å vare i veka som kjem. Det er meldt om skiftande ver, tidvis vind frå nord og låge temperaturar for årstida.


Artikkeltags