Gå til sidens hovedinnhold

Åtvarar mot «bygdefylla». Spesielt ei gruppe er i risikosona

Korleis alkoholen påverkar hjartet vårt er eitt av temaa i Steding-Ehrenborgs nye bok «Alle hjerter gleder seg».

FIRDA: Forskar Katarina Steding-Ehrenborg ved Universitet i Lund i Sverige har i ei årrekke forska på belastninga på vårt viktigaste organ: hjartet. No er ho ute med bok om den nyaste hjarteforskinga, og korleis vi kan ta betre vare på hjartet vårt og leve lenger. Det melder forlaget i ei pressemelding.

340.000 slit med hjartet

I dag lever mange nordmenn ein livsstil som gir ekstrem belastning av hjartet. Stillesitting, usunt kosthald og mykje alkohol er alle faktorar som kan få fatale følger.

Statistikk frå Hjarte- og karregisteret viser at over 340.000 pasientar blei registrert med hjarte- og karliding i 2018.

Steding-Ehrenborg, som er lektor i helsevitskap og dosent i eksperimentell klinisk fysiologi, er klar på at store mengder alkohol over kortare tid aukar risikoen for hjarteinfarkt betydeleg.

– For dei som er friske går det fint å ta seg eit glas vin i helga, men eg vil åtvare mot regelmessige fyllekuler, seier ho.

Alkohol er ein faktor som påverkar kroppen negativt, også hjarte og blodkar.

Men korleis du drikk alkoholen påverkar oss i større grad enn kor mykje vi drikk.

Menn på bygda er utsett

Studiar som har sett på kor mykje alkohol pasientar som har fått eit hjarteinfarkt har drukke det førre året, samanlikna med friske personar, avdekker ingen større forskjellar mellom gruppene.

Derimot ser ein at den andelen som har for vane å drikke veldig mykje ein gong iblant – såkalla «binge drinking» eller «fyllekule» – er overrepresentert i gruppa som har fått hjarteinfarkt.

Det er i hovudsak menn som bur i utkanten av byen eller i distriktet.

– Studiar frå ulike land viser at regelmessige fyllekuler er vanlegast i småbyar. Kor mykje ein drikk, og kva som blir sett på som akseptabel mengd å drikke, har samanheng med kulturen ein er ein del av, forklarar Steding-Ehrenborg.

Moderat inntak

Forskarar peiker på fleire faktorar som kan vere skadelege ved høgt alkoholinntak: Auka hjartefrekvens, forseinkingar i hjartet sin elektriske aktivitet og auka risiko for blodpropp dei første timane etter du har drukke alkohol.

Men på den andre sida kan eit glas i ny og ne ha helsemessige fordelar, ifølge Steding-Ehrenborg.

Forskaren forklarer at alkohol kan redusere førekomsten av åreforfeitting i kar som forsyner hjartet med blod, og hindrar at blodplater klistrar seg saman og dannar proppar.

Alkohol kan også ha ein antiinflammatorisk verknad og for eksempel redusere hevelsar i kroppen. Ein treng med andre ord ikkje ha dårleg samvit om ein tar seg et glas vin i helga.

Kommentarer til denne saken