Mattilsynet åtvarar mot å eta brosme frå Hardangerfjorden og mesteparten av Sognefjorden. Grunnen er høge nivå av kvikksølv.

– Kvikksølvnivåa i brosme i Hardangerfjorden er dei høgste av dei områda vi har undersøkt, men det er nesten like høge nivå i brosme i Sognefjorden, seier forskar Sylvia Frantzen i ein artikkel på nettsidene til Havforskingsinstituttet.

Desse funna gjer at Mattilsynet åtvarar mot å eta djupvassfisk frå nesten heile Hardangerfjorden og brosme frå størstedelen av Sognefjorden, heiter det.

Andre fiskeslag i same området som til dømes lange, torsk, sei, hyse og lyse er derimot trygge å eta, heiter det.

(©NPK)