Gå til sidens hovedinnhold

ATV velta - føraren til sjukehus med luftambulanse

Ein person i Askvoll skadde seg etter ATV-køyring seint søndag kveld.

Klokka 22.56 var naudetatane på veg til Askvoll etter ei trafikkulukke. Ein firehjuls terrengmotorsykkel (ATV) hadde velta, og ein person var meldt skadd.

Føraren av ATV-en blei henta i luftambulanse og flogen til sjukehus.

Politiet har gjort undersøkingar på ulukkesstaden og avhøyrt vitne, men i går kveld var det framleis uklart korleis ulukka oppstod, eller kva som var årsaka til den.


Kommentarer til denne saken