Åtte nye korona-smitta, melder Helse Førde
Helseføretaket melder om åtte nye korona-tilfelle, i kommunane Gloppen, Kinn, Stad, Vik og Sogndal
Torsdag 26. november analyserte Helse Førde 324 korona-prøver frå ulike kommunar. Åtte av desse var positive for Covid-19.
Prøvetakingskommunane er Gloppen, Kinn, Stad, Vik, Sogndal.
Kommunen for prøvetaking er ikkje nødvendigvis kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse. Tala omfattar ikkje prøver som er undersøkte ved andre laboratorium, understrekar Helse Førde.
Kommentarer til denne saken