Gå til sidens hovedinnhold

Åtte korona-smitta i Kinn siste veka

Må rekne med fleire, seier kommunelegen.

Denne veka skal åtte personar ha testa positivt for korona.

Det melder Fjordenes Tidende.

Kommuneoverlege Jan Helge Dale fortel at så langt er smitta knytta til utanlandsreiser, men at på sikt må ein rekne med at viruset også dukkar opp blant dei yngre, i skular og barnehagar.

Men noko alarm, det slår han ikkje:

- Heldigvis er det mange som er fullvaksinerte, og dei som no testar positivt, blir ikkje like sjuke, slår han fast.

Kommentarer til denne saken