Med nytt testregime knytt til covid-19-smitte er ikkje lenger smittetala like viktige som dei var tidlegare i pandemien. Dessutan vel kommunane i Helse Førde sjølv kvar dei vil sende sine koronaprøver. Det kan altså vere positive prøver analysert i andre laboratorium enn det Helse Førde har ved sentralsjukehuset i Førde.

I tillegg er det mange som no berre testar seg med hurtigtestar. Det er med andre ord mørketal, men talet på positive prøver frå Helse Førde vil likevel over tid vise ein trend.

I helga, frå fredag 4. februar, til og med søndag 6. februar, blei det analysert 410 prøver ved laboratoriet til Helse Førde. Dei kunne påvise smitte av covid-19 i 304 av dei.

Slik ser smittetala ut frå fredag 28 til søndag 6. februar.

  • Fredag 28. til og med søndag 30. januar: 494 analyserte prøver, 324 positive
  • Måndag 31. januar: 21 analyserte prøver, 8 positive
  • Tysdag 1. februar: 305 analyserte prøver, 250 positive
  • Onsdag 2. februar: 206 analyserte prøver, 167 positive
  • Torsdag 3. februar: 262 analyserte prøver, 204 positive
  • Fredag 4. til og med søndag 6. februar: 410 analyserte prøver, 304 positive

Totalt har dei analysert 1698 prøver i denne perioden. 1257 av dei var positive.

Med fleire smitta blir de også fleire som er innlagd på sjukehus med stadfesta covid-19-smitte. Måndag 7. februar er det åtte innlagde pasientar i Helse Førde.

Ein av dei er på intensivavdelinga.

Det totale talet på døde pasientar med covid-19-i Helse Førde, gjennom pandemien, er framleis fire.

I kommunane er talet på smitte framleis stigande. Grafen peikar rett opp i Kinn og i Sunnfjord. I Bremanger er den også stigande, men på langt nær like bratt.