– Vi kavar for livet her ute. No vil dei ta siste livsnerven

Basseng Bulandet Tore Hillersøy

Basseng Bulandet Tore Hillersøy Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

I dag skal Helse Førde avgjere ambulansebåten i Askvoll si framtid. – Dei som seier det går heilt fint å komme frå Solund når det bles, dei burde ta seg ein tur over det havstykket, seier fiskar Tore Hillersøy.

DEL

Hillersøy er fortvila.

– Eg er frustrert og rasande. Rett og slett forbanna. Dei skal sitte i inste fjorden og bestemme over ambulansebåten. Det er tryggleiken vår. Det som er igjen, seier Hillersøy.

Han er heller ikkje forundra over at bruken av båten har gått ned dei siste åra. Det skriv Firda.

Les også: – Dramatisk om Askvoll misser ambulansebåten

– Får beskjed om å vente på ferja

– Dei vil jo ikkje bruke den. Eg vakna sjølv ein morgon for eit par år sidan, og oppdaga at hørearmen ikkje var liv i. Den berre hang der. Eg trudde eg hadde fått slag, og ringde. Då fekk eg beskjed om å ta ferja inn til legen, seier Hillersøy.

Han legg til at sjølv om han kan verke både tøff i kjeften og uredd til vanleg, så blir det noko anna når ein er sjuk.

– Vi ringer ikkje før vi må. Og når vi då får beskjed om å ta ferja som går fleire timar seinare, då er det ikkje rart at båten blir lite brukt, seier han.

Det gjekk bra med Hillersøy. Det var ikkje slag han hadde hatt, men ei sene i armen som var av.

– Men det visste eg ikkje då. Det kunne ikkje dei vite heller, seier Hillersøy.

Fjernar tryggleiken

Hillersøy meiner dei som seier at det er det same kvar båten kjem frå, Solund eller Askvoll, ikkje veit kva dei snakkar om.

– Frå Askvoll til Værlandet kan båten gå innanskjærs. Skal båten komme frå Solund eller Florø må den over havstykke. Om båtane då i det heile kjem fram er eit spørsmål, og om dei gjer det vil det ta tid. Eg kjenner havet. Det er ikkje slik at du kan legg ei linjal på kartet og måle avstand, seier Hillersøy.

Han legg til at dersom ein båt skal gå mellom Solund og Bulandet i stiv kuling i 25 knop, så er det meir å ta liv, enn å berge liv.

– Pørver ein på det vil ein knuse båten og ta livet av mannskapet, seier Hillersøy.

Det han fryktar aller mest er at det samfunnet dei har klart å bygge opp ute i øyane blir fråflytta.

– Dei som har alvorlege sjukdommar vurderer allereie om dei må flytte til fastlandet for å vere sikra hjelp om dei treng det. Legg dei ned ambulansebåten har dei truleg ikkje noko val, seier han.

– Vi har frivillig ambulanseteneste her ute. Vi ordnar det meste sjølve. Skal det bli slik at vi må kjøpe vår eigen ambulansebåt for å ha tryggleik? Har vi ingen rettar, slik andre i samfunnet har til tryggleik? spør han.

Les også: Han vil slå saman bilambulansen i Fjaler og Askvoll

Venta i dagevis på politiet

– Skjer det noko her ute og det er dårleg vêr, så kan ikkje helikoptera lande. Og eg er skeptisk på kor godt båtane klarar å ta seg fram mellom Solund og Bulandet i nordakuling. Det er røffe havstykke. Eg overdriv ikkje når eg seier at ambulansebåt i Askvoll er det einaste som gir oss kjensle av tryggleik i høve helsa, seier Hillersøy.

Han legg til at dei elles må vente i dagevis om noko skjer.

– Då det hadde vore innbrot på butikken her for nokre år sidan fekk dei beskjed om å stenge butikken og vente med å opne til politiet hadde vore på staden og undersøkt. Det tok mange dagar. På butikken fann dei ei ordning slik at vi kunne kjøpe mat. Vi kan jo ikkje sette oss ned og svelte i hel medan vi ventar på styresmaktene. Eller er det akkurat det dei vil? Det kan verke slik, seier Hillersøy.

Artikkeltags