Måndag føremiddag skal ein person vere funnen død i Granesundet ved Askvoll kommune, melder VG.

Personen er funnen på 180 meters djupn. Sjølv om vedkomande ikkje er identifisert, meiner politiet det er snakk om mannen som blei meldt sakna torsdag 15. oktober.

Dei pårørande er varsla om funnet.