Lokkar barnefamiliar med ein palle med bleier

Siri Sunde, 
Henning Haugholt, 
Simon Skorpen Hovland, 
Kjersti Olsaker (med Sigve i armane),  Trond Fjellestad og
Silje Amalie Sæther. Vesle Sigve var den første som fekk ein palle med bleier frå Askrova Bygdelag.

Siri Sunde, Henning Haugholt, Simon Skorpen Hovland, Kjersti Olsaker (med Sigve i armane), Trond Fjellestad og Silje Amalie Sæther. Vesle Sigve var den første som fekk ein palle med bleier frå Askrova Bygdelag. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

På Askrova og Tansøy har dei fått seks nye barn sidan 2011, og to til er på veg.

DEL

På Askrova og Tansøy utanfor Florø har dei bevisst satsa på tilflytting og tilrettelegging for barnefamiliar.

For fem år sidan fekk dei opparbeidd ny leikeplass til ein verdi av 200.000 kroner, og i februar hadde dei stor premierefest for ein film dei har fått laga om øya. I år har dei også arrangert Barnas dag, Øyacup, fiskekonkurranse, skalldyrfest med meir.

– Satsingsområdet for oss framover er folkevekst. Vi har, som ein av veldig få utkantar, klart å snu den negative befolkningsutviklinga. Frå å ha gått nesten ti år utan nye barn på øya, har vi sidan 2011 fått seks barn og to til er på veg, fortel Terje Svardahl.

Som eit ledd i denne satsinga deler dei ut gratis bleier til familiar som får barn.

– Askrova Bygdelag er eit veldig aktivt bygdelag, og no har også vi Norges beste bleieavtale. Alle som er busette i vårt samfunn får ein gratis palle med bleier når dei får barn, seier Svardahl.

Førebels har dei delt ut bleiepaller til tre familiar. Ein som har fått baby, og to med babyar på veg, fortel han.

Dei to øyene har no ca. 80 fastbuande, og har eigen butikk/kro og grendehus.

– I feriane er folketalet meir enn dobla, vi har nesten like mange hytter som hus, seier han.

Artikkeltags