Så kom endeleg påskeharen

Artikkelen er over 2 år gammel

Og han hadde med seg masse godteri!

DEL

Påskeaftan arrangerte Askrova grendelag "Barnas integreringsdag" på øya, eit integreringsprosjekt i samarbeid med Norsk selvhjelp for flyktninger organisasjon (NOSFO) og Flora frivilligsentral.

27 deltakarar frå Syria, Eritrea og Somalia tok båten ut til Askrova på morgonen, og vart møtt av ein flokk med fadderfamiliar som hadde gledd seg til dei besøkande skulle komme.

- Turen gjekk så til butikken , der barna fekk gratis is, og dei vaksne kunne kose seg med kake, kaffi og te. Dette gav oss ein sjanse til å bli litt betre kjent, fortel Siri Sunde i Askrova grendelag.

Grendelaget er så heldige å ha eiga popcornmaskin, så det blei også delt ut gratis popcorn, til glede for både store og små.

- Dagen gjekk i leik og mat. Påskeharen kom, og han hadde laga rebus som ein måtte løyse for å finne påskeegget, fortel Sunde.

Rebusløpet bestod av fire ledetrådar gøymd i og rundt leikeplassen, før ein til slutt fann egget. Og i egget var det store mengder godteri til alle, både vaksne og barn.

- Vi hadde på førehand fått støtte til dette prosjektet av Nosfo, Frivilligsentralen, sparebankstiftinga, Wikholm og levekårsutvalet, fortel Sunde.

- Alt er gjort på frivillig basis, fordi Askrova grendalag meiner det er viktig å kunne integrere våre nye landsmenn, på same tid som vi ønsker at fleire skal nyte dei godene vi har på Askrova, seier ho.

Og arrangementet gav meirsmak for grendelaget.

- Dette var så vellykkka at det absolutt er noko vi vil vurdere å gjere igjen.

Artikkeltags