Åsen Opp 2016 - årets vinnar i herreklassen Andreas Rauset
Liv Standal

Noko for ein kvar smak i Flora denne helga

Det er mykje forskjellig å ta seg til i Flora denne helga. Det meste skjer utandørs - og det er gode vêrmeldingar.
Publisert

Yr melder om 20 - 25 grader og sol i Florø denne helga, og flau vind, så her ligg alt til rette for ei kjempehelg med både Åsen Opp, fylkesmeisterskap i beach-handball og Øyane Over.

Laurdag 26. mai

Brandsøydagen og Åsen Opp

Laurdag er det tid for det årlege motbakkeløpet Åsen Opp på Brandsøyåsen i Florø.

Det er start ved Brandsøy skule, og her blir det også aktivitetar for heile famillien med «Brandsøydagen 2018».

Det blir leikar i aktivitetsparken og på skulen, og kafé, riding, golf, aktivitetsløype og skyting. Brandsøykoret kjem også innom kaféen ein tur.

Åsen Opp startar med registrering frå kl. 11. Kl. 13 er det start for mosjonsklassen, og kl. 14 for konkurranseklassen.

Fylkesmeisterskap i beach-handball i Florø

Laurdag og søndag er det beachmeisterskap i handball ved Florø idrettssenter. Det blir dame- og herrekampar, og jenter og gutar 12, 14 og 16 år.

Det er påmeldt 40 lag frå heile fylket, og det blir 78 kampar i Florø denne helga. Det blir kampar frå klokka 10 begge dagane.

Flora kommunale kino:

13.00: Den utrolige historien om den kjempestore pæra. 6 års aldersgrense.

15.00: I Feel pretty. Komedie/tillatt for alle.

Søndag 27. mai

Øyane Over: Flora Turlag og Indre Sunnfjord Turlag inviterer til tradisjonsrike Øyane Over - ein tur til dei flotte øyane Hovden, Batalden, Skorpa og Kinn i skjergarden utanfor Florø.
(Bindande påmelding innan 26. mai kl 18 til Astrid Eliassen eller Arnfrid Bergheim i Flora turlag.)

 PÅ BLÅKOLLEN, PÅ TOPPEN AV SKORPA.

PÅ BLÅKOLLEN, PÅ TOPPEN AV SKORPA. Foto:

 

Utstilling, «Kystlandskap» av Åge Steinset: Nyopning av Gunhild Bjelland sitt Galleri34 i Store Batalden.

Første utstilllar i det nye galleriet er Åge Steinset. Han viser i hovudsak bilde med lokale motiv. Han er også kjend for sine surrealistiske maleri, og nokre av dei nyaste av desse er med i utstillinga.

Kunstnaren er også til stades under opninga. Søndag 27. mai kl. 10.30 - 17.00.

Galleri34, Asen Milchev, Åge Steinset, Gunhild Bjelland

Galleri34, Asen Milchev, Åge Steinset, Gunhild Bjelland Foto:

Flora kommunale kino søndag 27. mai:

16.00: I Feel pretty.Komedie/tillatt for alle.

18.15: Solo: A Star Wars Story

21.00: Deadpool 2

 

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken