Kommunedirektør Terje Heggheim klarte ikkje å skjule gleda over at Kinn kommune viste seg å gå med overskot i 2021. For dette var ganske andre tal enn dei som vart førespegla i økonomirapporten som kom i haust.

Det viser seg no at skatteinngangen har vore langt betre enn først trudd og at heile Kommune-Norge gjekk med eit overskot på vel 7 milliardar i 2021, det andre koronaåret.

Kinn kommune kan derfor overføre 25 millionar til bufferfondet som no er på 40 millionar.

– Kinn kommune kom ut med eit netto driftsresultat på 25 millionar kroner i 2021. Resultatet utgjer 1,44 prosent av driftsinntektene. Ved utgangen av 2021 har Kinn eit bufferfond på 40 millionar kroner, som er 2,3 prosent av driftsinntektene våre, opplyser kommunedirektør Terje Heggheim.

Skattevekst

Den økonomiske situasjonen er betre enn rapportert gjennom 2021 noko som mellom anna kjem av at skatteinntektene har vore høgre i heile kommunesektoren. Dette var ikkje tatt tilstrekkeleg høgde for i statsbudsjettet og prognosane til Finansdepartementet. På slutten av året fekk dessutan Kinn auka rammetilskot som kompensasjon for utgifter knytt til pandemien.

Kommunedirektøren er tydeleg på at ein ikkje kan ta høgde for at inntektene i 2021 gir eit varig høgare inntektsnivå. Men at Heggheim kunne levere frå seg plussrekneskap på 25 millionar kroner medan han er på veg over i Sunnfjord kommune, gjer at han rakrygga kan forlate sin post.

– Dette er langt betre enn dei måltala vi sette, og det er også stikk i strid med dei spådommane som vart servert om at Kinn kommune styrer rett inn i Robek-registeret, poengterer Heggheim.

Men han er også klar på at Kinn-økonomien ikkje er friskmeldt med dette resultatet, men det er signal ifrå drifta som vekker optimismen.

Roser tilsette

Dei kommunale tenestene viser nemleg samla sett eit mindreforbruk i forhold til kommunestyret sine vedtekne løyvingar. Difor ønskjer kommunedirektøren å rose alle tenestene der ute som har teke situasjonen inn over seg.

Nokre tenester går ut med mindreforbruk, medan andre tenester går ut med meirforbruk. Dette viser at kommunen framleis har utfordringar i drifta.

– Økonomien i Kinn blir ikkje friskmeld før vi er omstilt og difor vil prosjekt bemanning halde fram. 2021 var eit krevjande år for Kinn kommune, men det er viktig å vere klar over at 2022 vil bli eit kritisk år. Likevel vil det at vi går i pluss gjere oss betre rusta i den oppgåva vi skal til med.