Gå til sidens hovedinnhold

Brassband i underhaldningmodus

Artikkelen er over 3 år gammel

Med pris som beste korps i underhaldningskonkurranse i Bergen under vesten, spelar Flora-Bremanger Brassband konsert med Svelgen Songlag denne helga.

Det har blitt meir og meir populært med underhaldningskonkurransar i korpsverda og dette prøvde Flora-Bremanger Brassband ut i Bergen i slutten av oktober under Kulturfest 2017 i bydelen Åsane.  Desse konkurransane er kjenneteikna ved at det er poenggjeving både for musikalsk fremføring, program og underhaldningsverdi for ein 20. minutts konsert.

- Alle korpsa heldt eit høgt nivå og hadde flotte framføringar av stykka sine. Men under leiing av vår dirigent Johnny Sælemyr, fekk vi prisen for beste framføring. Då korpset også fekk høgast totalsum, så fekk vi med oss vandrepokalen også, fortel Frode Holme i brassbandet.

Han strekar under at å vinne ein pris - uansett nivå- gir brassbandet stor inspirasjon og glede. Og til helga kan musikantane på ny få vise sine kvalitetar som underhaldarar.

Då spelar dei konsert saman med jubilanten Svelgen Songlag i Davik kyrkje - laurdag ettermiddag. Tittel på konserten er "Lys i mørket" og konferansier er Tom Joensen. 

Kommentarer til denne saken